torsdag 17. desember 2009

19 Dagar

Etter den siste turen innom Kilroy, sit me i skrivande stund hos Gina og ser på "jul i svingen" og drikk julebrus frå Lillehammer. Forøvrig kåra til landets beste julebrus av opptil fleire fagpersonar.

No er det altså 19 dagar igjen og me er ferdige med både vaksiner, innkjøp av diverse effekter(nesten) og kontoen begynner å fylle seg opp. Det skal no seiast at nokon har tjent meir enn andre, "så Hege, kos deg på suiten, så blir me her på 18-mansrommet."